ÆRLEG TALA,
no har eg nettopp lese ein del hat-nynorsk-artiklar av fanatiske bokmålsfolk. Ja, eg tykkjer dette er eit veldig viktig emne, og ettersom eg sjølv er nynorskelev, så vil eg gjerne legge inn eit par ord om temaet. Og eg vil forresten berre markere at eg sit her og LER og SMILER når eg les desse artiklane, for det finst knapt nok eit einaste mot-nynorsk-argument med hald i.
Berre for å få dette på det reine før eg startar: nynorsk er bygd på dei norske dialektane, og stammar frå gammalnorsk og norrønt. Bokmål stammar frå dansk, som har vorte fornorska av nokre velståande og danna menneske for knappe 200 år sidan. Dette er ikkje noko eg meinar, dette er fakta. Slik er det. Nynorsk kom altså i praksis først. Punktum.
No for tida er det veldig mange elevar med bokmål hovudmål, og det har eg ingenting imot. Så lenge desse snakkar ei dialekt som ligg nærare bokmålet, så skulle det berre mangle. MEN: kvifor hatar dei nynorsk? Og kvifor nektar dei å lære sidemål?
Mange bokmålselevar meinar at nynorsk er frykteleg vanskeleg. Ja, dei om det- for meg er det totalt logisk. Altså, sjølvsagt blir det vanskelegare å lære eit språk når det er så lite av det i media, men er det ikkje nettopp det ein prøvar å bøte på? Det er alt for lite nynorsk i media, og derfor må det lærast på anna vis! Det er berre èin måte å bli flink i nynorsk på, og det er å lese nynorsk. Skrive nynorsk. Arbeide med nynorsk.
Mange hevdar altså at nynorsk er vanskeleg, og at det er sløsing med skuletimane til elevane. Ja, sjølvsagt. Dersom ein skal bli god i eit språk, så er det vel heilt naturleg å bruke MINDRE tid på det? Jaja, den ser eg, heilt klart. Det er jo omtrent like logisk som at det er halv pris på juletrea på månen frå 21. desember.
Mange bokmålselevar kunne altså tenkt seg ein lærar som kom inn i klasserommet og sa til dei:
"God morgon, me har norsk i første time. Sidan eg veit at de slit litt med nynorsken, så skal me ikkje jobbe så mykje med den i dag. Me konsentrerer oss heller om noko anna, noko som er litt lettare å forstå".
Jaujau. I så fall, vil eg ha ein mattelærar som kjem inn i klasserommet og seier:
"God morgon alle saman! I dag skal me eigentleg lære om algebra i brøk, men sidan det er litt komplisert, så skal me jobbe med noko anna. Jodå, de risikerer å stryke til eksamen viss de kjem opp i matte, men me vil jo ikkje gjere noko me ikkje forstår med ein gong, eller kva?"
Nokon som skjønar kvar eg vil hen?
Enkelte politikarar vil jo gjerne hjelpe nynorsken, seier dei sjølve i alle fall. Det beste framlegget eg har høyrt, er naturlegvis dei som vil at nynorsken berre skal eksistere på "nynorskstadene". I praksis vil vel dette seie litt her på vestlandet, noko på sørlandet, og ein del i Telemark. For ikkje å gløyme dei eigne nynorskklassane som finst rundt om kring.
Altså, eg ser jo den. Dersom nynorsken skal klare seg gjennom dette her, så er det vel ypparleg at færre lærer den? Ja, dette er det me kallar styrke!
Dersom du no er av typen bokmålsfanatikar med alt imot nynorsk, så seriøst, skjerp deg. "Men du gløymde jo at nynorsk er keisamt!" tenkjer du kanskje no. Javel, greitt, eg gir meg. Sjølvsagt bør me fjerne alle keisame fag frå timeplanen, det skulle då berre mangle.
Ærleg tala, veks opp.

Nokon som no er i tvil om kva eg meiner?
Isåfall: ring meg!
-Kine <3
47873705
(Nei, dette er IKKJE eit hat-innlegg ovanfor bokmål, men eit EG-ELSKAR-DEG-AV-HEILE-MITT-HJARTE innlegg til nynorsken)